Den Bakvendte Visa
Eg beisla min støvel og sala mitt sverd
So batt eg merra ved sida
So reidde eg meg til kattemorsferd
Skulde standa den farlege strida
Eg låg og eg datt eg drøymde i natt
Eg totte den visa var bakvend ratt
Og reven var raud og ikorn var snaud
Dæ var tvau dyr uti skogen
Der stod tvau ikorn og tamde ein bjørn
Dei ville vel hava'n fyr plogen
Eg låg og eg datt eg drømde i natt
Eg totte den visa var bakvend ratt
Og laksen høgt upp i furutopp
Han braut små-lauvi av greinar
Og ikorn ned på havsens botn
Skulde brjota opp store grå-steinar
Eg låg og eg datt eg drømde i natt
Eg totte den visa var bakvend ratt
So kom der fram ein gamal blind mann
Skulde sjå ko dæ leid no mæ tide
Og månen han gol og stjørnunne song
Og gauken han skein burt i lide
Eg låg og eg datt eg drøymde i natt
Eg totte den visa var bakvend ratt