Kaldt og myrkt og lite sol

Anders Hove, L.F. Hov

Kaldt og mørkt og lite sol,
såleis er det fram mot jol.
Snø og is all jorda gøymer,
Allting ligg i seng og drøymer.

Barnet spør, kor langt det lid
enno fram mot joletid.
Mor så mangt har med å fara,
likevel ho støtt lyt svara.

Når så klokketonar skjelv
under høge himmelkvelv,
melder malmsterk tonebåre
største høgtidskveld i året

Verda fekk ein liten gjest,
difor held me barnefest.
Små og store høgt dei kveda
saman om den store gleda.

Fattig barn til verda kom,
barnet vende verda om.
Under stort, ja, utan like
det er Jesus og hans rike.

Han som kom, seg sjølv oss gav,
fekk ein krybbe og ein grav.
No vil me med gledeståre
gje han rom i hjarta våre.

Most popular songs of Bergen Philharmonic Orchestra

Other artists of Romantic