Kjærleik

Knut Buen

Eg vil ikkje vera slave!
Kjærleiken er ingen klave
Du bitt ikring ei kvinnesjel
Kjærleik er å vilja vel!

Eg vil ikkje la meg eige
Du kan ingen hjarto leige
Eg er'kje noko som du stel
Kjærleik er å vilja vel!

Elsk meg, elsk meg med det gode
Det som ligg i manneblodet
Det er'kje nett når hanen gjel
Kjærleik er å vilja vel!

Har du nokon hjartekjære
Elskar du med all di ære
For elskhug er som bråe e'l
Kjærleik er å vilja vel!

Eg vil livet atterføde
Liksom jorda bera grøde
Så elsk meg ikkje beint ihel
Kjærleik er å vilja vel!

Trivia about the song Kjærleik by Gate 문

When was the song “Kjærleik” released by Gate 문?
The song Kjærleik was released in 2004, on the album “Iselilja”.
Who composed the song “Kjærleik” by Gate 문?
The song “Kjærleik” by Gate 문 was composed by Knut Buen.

Most popular songs of Gate 문

Other artists of