Du Fall På Meg

Eg leigde ein bil og drog ut tå by'n
Måtte tenkje litt på kor hen eg va
Eg hadde eit håp om å sjå eit lys
Ein slags ledetråd ikkje eit svar

Ho småprata mjukt på radioen
Spelte sangen vår som om ho visste alt
Eg fatta med eitt at mitt einaste håp
Va å finne deg om sporet va kaldt

Du fall på meg som regn ein summardag
Du fall på meg som regn kor gong me va i lag
No har brønnen runne tom
No har himmelen fått eit anna drag

Eg køyrde ei mil gjennom tåkedis
Som eg ynskte at eg hadde eit kart
På eit nedrive skilt stod det "Paradis"
Det va litt underleg men bilen skaut fart

Du kjem vel fram på dårleg veg
Det tenkte eg mens alt fall te ro
Inni meg djupt ein plass det høyrde eg
Ei stemme som sa det skulle vore oss to

Du fall på meg som regn ein summardag
Du fall på meg som regn kor gong me va i lag
No har brønnen runne tom
No har himmelen fått eit anna drag

Most popular songs of Hellbillies

Other artists of Pop rock