Ingen Som Du
Sjå deg for
Kring dine føter
Ville vekster av mange slag
Dei lever i lag
Og her har dei røter
Så sjå
Du høyrer med
For du har både vett nok mot nok og ro nok
Og du er både bra nok sterk nok og god nok
Du er den blomen du skulle vera
Kom med dine draumar
Kom med di tru
For ingen er som du
Lyng og lauv
Lyser i mot meg
Gjev meg glede og tenner tru
Det same gjer du
Så skund deg og rot deg
Så sjå
Du høyrer med
For du har både vett nok mot nok og ro nok
Og du er både bra nok sterk nok og god nok
Du er den blomen du skulle vera
Kom med dine draumar
Kom med di tru
Eg kan sjå deg som ein ven i verden
Som ein eg treng her på denne lange ferden
For eg har sove i vakker seng
Blant ville vekster i blomeeng
For du har både vett nok mot nok ro nok
Og du er både bra nok sterk nok og god nok
Ja du har både vett nok mot nok og ro nok
Og du er både bra nok sterk nok og god nok
Du er den blomen du skulle vera
Kom med dine draumar
Kom med di tru
For ingen er som du
For ingen er som du
Nei ingen er som du