Gud Signe Vårt Dyre Fedreland
Gud signe vaart dyre Fedraland
Og lat det som Hagen bløma
Lat lysa din Fred fraa Fjell til Strand
Og Vetter fyr Vaarsol røma
Lat Folket som Brøder saman bu
Som Kristne det kann seg søma
Vaart Heimland i Myrker lenge laag
Og Vankunna Ljoset gøymde
Men Gud du i Naade til oss saag
Din Kjærleik oss ikkje gløymde
Du sende ditt Ord til Norigs Fjell
Og Ljos yver Landet strøymde
Vil Gud ikkje vera Bygningsmann
Me faafengt paa Huset byggja
Vil Gud ikkje verja By og Land
Kann Vaktmann oss ikkje tryggja
So vakta oss Gud so me kann bu
I Heimen med Fred og Hyggja
No er det i Norig atter Dag
Med Vaarsol og Song i Skogen
Um Sædet enn gror paa ymist Lag
Det brydder daa etter Plogen
So signe daa Gud det gode Saad
Til Groren ein Gong er mogen