Song om Kjærleik og forlis

Denne songen skreiv seg sjølv
Kom med båt frå Belgia
Og dei var vel tjue mann
Som la skuta til ved land
Lasta opp med te og vin
Silke sukker og appelsin
Og til slutt ein song eg fann
Som rann i land

Skuta var av gamalt slag
Gamle segl og master
Dei ombord av gamal sort
Skjemt av alt dei hadde gjort
Piperøyk og billig rom
Fylde lufta når dei kom
Og til slutt ein song eg fann
Som rann i land

Det var songen om kjærleik og forlis
Men alt ein misser kjem heim att på eit vis
For til slutt ein song eg fann
Som rann i land

Skipparen med sitt store skjegg
Hadde si forteljing
Om ei ferd på store hav
Der havet tok og skipper'n gav
Men det var i Singapore
Det store sjømannshjartet for
Og det var nok der at
Songen kom om bord

Det var songen om kjærleik og forlis
Men alt ein misser kjem heim att på eit vis
For til slutt ein song eg fann
Som rann i land

Og så rauk det opp med storm
Utpå store havet
Fleire stormen smaka fekk
Enn som kan sei deg hoss det gjekk
Skipper'n vår han mønstra av
No ligg han i det store hav
I det store myrke djupet i si grav

Det var songen om kjærleik og forlis
Men alt ein misser kjem heim att på eit vis
For til slutt ein song eg fann
Som rann i land

Kjærleiken står att på land
I landet aust i havet
Står der med sitt svarte hår
Og slikkar sine hjartesår
Skuta ut av havna glei
Og att var det som aldri blei
Og ein liten song eg fann
Som rann i land

Trivia about the song Song om Kjærleik og forlis by Odd Nordstoga

When was the song “Song om Kjærleik og forlis” released by Odd Nordstoga?
The song Song om Kjærleik og forlis was released in 2020, on the album “Fatig ferdamann”.

Most popular songs of Odd Nordstoga

Other artists of Hardcore metal