Den store stjerna

Svein Gundersen, Trygve Hoff

Den store stjerna som steig i aust
Med ljos over verda
Tende vår von for framtidsferda
I heimsens mørke haust

Den store stjerna gjer oss fri
Med sitt bod no ved juletid

Den store stjerna for fyrste gong
Bar bod om ein frelsar
Fattig og rik går fram og helsar
Eit nyfødt barn med song

Den store stjerna ga oss ord
Med ei von for vår veike bror

Den store stjerna i natta kald
Har synt oss eit under
Lyser med trøyst i tunge stunder
For folk i tusen tall

Den store stjerna høg og klår
Er vårt ljos på den veg vi går

Den store stjerna står klår som før
Og ber oss å dela
Gie alt vi kan og såra hela
Hos våre svoltne brør

Den store stjerna gjer oss fri
Med sitt bod no ved juletid

Trivia about the song Den store stjerna by Sissel

When was the song “Den store stjerna” released by Sissel?
The song Den store stjerna was released in 1987, on the album “Glade Jul”.
Who composed the song “Den store stjerna” by Sissel?
The song “Den store stjerna” by Sissel was composed by Svein Gundersen, Trygve Hoff.

Most popular songs of Sissel

Other artists of Romantic