Spor Av Glør (I Praha)

I Praha tar du på deg nettingstrømper
og eggjer meg i prismekroners glans.
Mens skuggane blir levande på veggen,
så danser du ein heftig flamedans.

I Wien les eg linjene i handa
og sveiper deg i svarte enkeslør.
Bak stengde dører veit eg du kan tåla
ei iskald einsemd skapt av engleklør.

I München vil du mana meg til glømsel
og maler munnen raud med leppstift
så mine uskyldauge aldri sansar
den kalde, mørke viljes sterke drift.

I Stockholm søv du trygt på silkelaken.
Eg smør deg varsomt inn med blomeeim.
Fortapte skal med slokkast i kvarandre.
To trøtte sjeler som vil lengta heim.

Men her – så kan eg berre slokka lyset,
snu ryggen til og kviskra eit ”godnatt”.
I Florlette gardiner kveles elden.
Og alle spor av glør har vinden tatt.

Trivia about the song Spor Av Glør (I Praha) by Vamp

When was the song “Spor Av Glør (I Praha)” released by Vamp?
The song Spor Av Glør (I Praha) was released in 2012, on the album “Siste Stikk”.

Most popular songs of Vamp

Other artists of Alternative rock