Andvevarljod
Vendum vendum
Or vordehaugen,
drog eg ordi
Leita songar
upp or jordi
Dreiv på vindar,
vakre viser
Lagnadsdiser,
baud meg vitje,
baud meg sjå,
min eigen tråd,
i Nornespå
Rend er veven
med ørlogstrådar
Ramme rim,
magnar banda
Kvervelvindar,
hapt i hugar
Liv og lagnad,
ordi avlar
Såg du din fyrste dag
Drog fyrste andedrag
Der omkring stod nornar ni
Vinda vevja, vind til liv
Låg du der i favn åt mor
Knytta i ei navlesnor
Bytte den med ættarband
Liv og lagnad, i det spann
Møyer steig på ættarhaug
Dansa yver alv og draug
Vinden leiker, i møyer dreg
Vinden som vil fylgje deg
Nornar nie steig fram
vov og bandt lagnad
For min unge, eg gåver baud
Så ingen vov med ilske naud
Ved stokk ved stein ved trolletein