Song til Kviteseid

Olav Mosdøl, Gunstein Draugedalen

Me bur i eit landskap
med høgfjell og dalar
der folk kjem frå aust og frå vest.
Det blømer så vent i dei sørvende lier
som ligg unna stormar og blest.
Kviteseid, vår bygd ved Kanalen,
og byen der me trivs som best.

Her budde det folk
ifrå eldgamle tider
i Vrådal og Fjågesundli.
I Morgedal forma ein frikar som Sondre
ein telemarksving for si tid.
Kviteseid, vår bygd ved Kanalen,
og byen med bryggje og liv.

Her seglar Victoria
fri som ei svane
nær Spjotsodd og Sundkilen bru.
Me vinkar velkomen til gjester på båten
og helsar med smil eg og du.
Kviteseid, vår bygd ved Kanalen,
og byen der mange vil bu.

Når klokka ho ringjer
frå kyrkja og tårnet
kan tankane falle til ro.
Då takkar me stille for alle som bygde
ein heimstad med omsorg og von.
Kviteseid, vår bygd ved Kanalen,
og byen med himmel og sol.

Most popular songs of Gunstein Draugedalen

Other artists of CCM (Contemporary Christian Music)