Songen gjennom alle tider

Olav Mosdøl, Gunstein Draugedalen

Songen gjennom alle tider
tonar over vide vidder,
bårar over land og hav.
Ein song om jord, ein song om himmel
med rytmen ifrå hjarta til vår Gud
som skapte alt i livets store vrimmel.
Takk gode Skapar,
som dikta kropp og pust
med koden i vårt kjøt og blod.

Songen gjennom alle tider
lyfter seg frå by og bygder,
med ei von som stig av grav.
Ein song om tru, ein song om frelse
frå alle svik og mørke nederlag
som trugar kloden vår og liv og helse.
Takk gode Frelsar,
som tømde lidings staup
då smerten brann i hug og hold.

Songen gjennom alle tider
er den store guddomsgåva
gitt til alle folkeslag.
Ein song om draum, ein song om sæle
der freden rår og ikkje kniv og drap
som øyder venskaps band og barnemæle.
Takk gode Ande,
som tolkar tid og rom
med tonar ifrå himmerik.

Most popular songs of Gunstein Draugedalen

Other artists of CCM (Contemporary Christian Music)