Cowboyhatt
Ditt hovud det manglar ein cowboyhatt
Det ligg der og drøymer kvar einaste natt Om livet i brennande præriesol
Eit liv der du ikkje treng heim til jol
Du rir slik in krusar i Cadillac
Med mysande augo og kroppen slakk
Og kjem der ein slange så sei' du holdt!
Så skyt du han daud med ein sylvblank Colt
I ein draum i ein natt og månen skin og kaffien er fin og svart
Det er natt under ein hatt ein rett og sagt jæskla tøffe Cowboyhatt
Ditt liv har meining forutan mål
Du hopper av hesten og gjær opp eit bål
Du har ingen evalueringstrang når sola går ned bak ein svart mustang
Og så kjem du fram til ein by i sør
Der truleg Clint Eastwood har vore før
Der sjela blir kvesta og kroppen sett fri
Men for deg gjer det lite at det er slik det blir
I ein draum
Og full det er du støtt for moralen er 'kje født
Så alt du tenkjer om alt det som blenkjer det er slikt ein fær
Alt du treng er litt begjær og eit jentefang
Ein blank mustang tek deg snart ut på farten
Og hesten ja hesten heiter Svarten
Men vaknar det gjer du. Og der ligg ho som spør
"Hott i kloden va'det du drøymde no"
Du svarar du har hatt deg ein opplevingstur bort ditt som cowboyar og indianarar bur
I ein draum