Det lova land
Det er ein stad for meg
Som er ferdig reidd og klar
Den er det som eg kan tenke
Den er det eg går og trør i her kvar dag
Men sjå på fjorden
No kjem båtane inn
No er sommaren komen
Sender draumar ut i vind
Og det er langt det til vinden sitt land
Men det er lenger enn langt til den glimande havn
Som blei lova i songen eg song i ditt namn
Å tak meg heim du lova land
Til Det lova land
Det er ein stad for meg
Ein som ikkje lèt seg sjå
Men som berre let seg sanse
Som eit bod ifrå ein stad du 'kje veit om
Men sjå på himmelen
No kjem svolune hit
Kor tru svolene har vore
Og kvifor fór dei dit
For det er lang det til svolunes land
Men det er lenger enn langt til den glimande havn
Som blei lova i songen eg song i ditt namn
Å tak meg heim du lova land
Til Det lova land
Det er ein stad for alt
Som meg aldri er fortalt
Men den helsar meg i vinden
Og i svolune som aldri fell til ro
For bortom fjorden
Bortom alt det ein kan sjå
Fins ei heilag havn og finne
Som ein dag eg skal nå