Hald fast
Det er ein dag å kviskre
Den trur eg kom her no
Det er som store store ting kan velte
Og lauva heng på trea
Men dei heng ikkje godt
Og mykje fell i fall det kjem ein vind
Men eg lovar lovar lovar
Å halde fast
Eg held mitt blikk mot bakken
Og store trygge tre
Eg håpar at du spør om me kan reise
Så køyrer me til huset der langt inni ein skog
Og snører verda saman tett ikring
Og eg lovar lovar lovar
Å halde fast
Når det er greitt å skyte
Når det er greitt å slåst
Når ingen ting heng saman
Nei vel Då tenkjer eg på oss
Og eg veit det skal gå
Ja eg lovar
Å halde fast
Her ute laver snøen
Ein fugl sit i eit tre
Når ingen ting heng saman
Så gjer i alle fall det
Og eg veit det skal gå
Ja eg lovar
Å halde fast