Jolekveld

Olav Mosdøl, Gunstein Draugedalen

Stille stille.
Det syng i natt:
Tonar milde om lova skatt.
Sus i lufta av venger små.
Englar kjem ifrå himmel blå.

Stille stille.
Dei syng sin song:
Fred på jorda enno ein gong.
Himlen lyser i vester klår.
Stjerna blinkar på ferda vår.

Stille stille.
Det syng eit kor.
Ljodar vidt over heile jord:
Barnet sveipt i ei krubbe er.
Gud er komen oss alle nær.

Stille stille.
Dei gleda gav.
Songen stig over land og hav:
Himmelsonen i verda går.
Jesus Kristus er vegen vår.

Most popular songs of Gunstein Draugedalen

Other artists of CCM (Contemporary Christian Music)