Ver Ikkje Redd

Ver ikkje redd du har ein frelsar
Som kjøpte deg til gud med blodet sitt

Kvar ein som kjem han varmt velkomen helsar
Guds barn du vert eit evig liv er ditt
Ver ikkje redd di synd er sona
Di gjeld betalt og jesus leid din død

For kristi skuld du kvila kan og vona
Han sjølv di rettferd er og livsens brød
Ver ikkje redd for faderhanda
Deg verna vil den armen fast deg held

Han skal deg losa til du stend på stranda
For kristi verk i tid og æva gjeld
Ver ikkje redd for framtidsdagen
For solefallet og di siste stund

Din frelsar fører deg til livsens hagen
Der du for evig stend på sikker grunn

Most popular songs of Gunstein Draugedalen

Other artists of CCM (Contemporary Christian Music)